Skule lokaler
KANTINE, STRANDA VGS.
Her ønska kunde å oppgradere skule kantina. Den skulle være meir innbydande og lun. Då den i utgangspunktet hadde kvite bord og stolar, og inga innreing ellers, opplevdes den ganske steril.
Eg har fokusert på å skape ein lun, innbydande atmosfære, med små endringar som gjer ein stor skilnad. Og som står i stil med resten av skulen, og gir plass for kreativitet og ro.
Her har eg fokusert på å skape dybde med orange lamper i taket, flyttbare reoler for å skape lunare utrykk, desse spesial designa for anledninga, og med skillerom. Desse hjelper også med å avgrense rommet for auget. (Dei har jul slik at dei lett kan flyttast om ønskeleg) då lokalet ofte blir brukt i ulike samanhengar. Desse har eg fylt med kunstige planter og potter i ulike møsnter og fargar for å skape eit interessant utrykk og bøker frå skulen.
Fargevalg har eg tatt på bakgrunn av resten av skulen sin utsjånad:
ORANGE
GRØNT
KVITT
Tilbakemelding frå elevane har vore at det vart mykje koselegare å opphalde seg i kantina. Og den virka meir innbydande, og lunare å være i.